ons 17 sept 2008
Portrett av verdas rikaste og lukkelegaste land
Skrevet av JanInge under emnet generelt , litteratur , kulturpolitikk , reiser , tids skrift , stavangerregionen , livssynsmeditasjoner , politikk , kultur og natur , helseForretningsdrivaren, idealisten, kunstsamlaren, mesenen og organisasjonspsykologen Stein Magnor Jåtten inviterer til miniseminar med Nils Rune Langeland i morgon, under headinga VI UTFORDRER TIDSÅNDEN, på galleriet Bliss. Krutet som skal skytast med fysste gongen ut er Langelands siste bok, Noreg, ei samling reiseessay & avisartiklar frå våren 2007 i Dag og Tid, då Langeland reiste rundt i heile Noregs land og lodda stemninga, tydde dei offentlege romma og tala med odde innfødde, som blei til boka med arbeidstittelen “Portrett av verdas rikaste og lukkelegaste land” i 2008. (Neste tidsåndutfordrar er Fløgstad som skal snakke om Georg Johannesens Om den norske tenkemåten, nyss kåra til Noregs viktigaste bok i etterkrigstid. Skjer seint i oktober.) Om du klikkar på skilua under får du ein akademisk time med videopresentasjon av boka frå Langeland sjølv. Historikaren som er det siste intellektuelle tilskotet til UiS og miljøet rundt Bjørn Kvalsvik Nicolaysens Lesevitenskap, som nett eller snart fiskar te seg Stephen Walton med. BKNicolaysen synest å velgja seg same typen intellektuelle te åndsbrør, nynorskarar av den øldrikkande bamsetypen, med Dag og Tid & Syn og Segn-erfaring, og helst med rangering frå essaykonkurransar, altså med skrive- og formidlingsferdigheiter. Om det fortsett slik treng me snart to hender for å tella dei - dei antatt intellektuelle på universitetet! Dei kjem visst kun med nynorsk med, av ein eller annan orsak. PS! I boka bler Stavanger til ei halvøy på California kor det er vanskeleg å finne herberge, med eit sivilsamfunn som regulerar moral og kultur på eit slikt vis at sentrum-høgre alltid vil få all makt, samstundes som me produserar dei beste og mest ekstreme liberalistane og sosialistane til kongeriket. Sitat: “Stavanger er eit pittoresk skjermbrett som løyner ein sydande oljelandsby […] Og det er dette Oslo vest drøymer om: Å knekkje dei vestlandske motkulturane er nemleg avgjerande for ein serskild, innhaldslaus form på ein serskild stad skal kunna råde uavgrensa i all æve […] Det er livsviktig for Oslo å feste det intellektuelle og kulturelle overtaket. Då kjem nemlig det økonomiske til å fylgje etter”. Så har han skrive ein egenattest til sitt motkulturelle virke her sørvest. Endå meir treffande poengterte Langeland til Aftenbladets Jan Zahl 11. april i år, om Stavanger-kulturen: “Men her er ikkje ein einaste debattkveld, ingen diskuterande offentlegheit. Alt er så privat, kjem ein utanfrå er det vanskeleg å koma inn. Ein blir som Nagel i Hamsuns Mysterier.” Og som mogeleg innleiande sitat til boka me no lagar om “Nabolagshemmeligheter” og Kulturbyen: “Skulle kulturen ha betydning, måtte han vore litterær, intellektuell, debatterande. Du kan setja opp så mange operaballettar du vil, men du endrar ikkje noko med det - ut over dei symbolske og fetisjaktige kvalitetane og at du får eit sus av den store verda.”
