man 18 aug 2008
“Teppet” - 100 år siden Olav H ble født
Skrevet av JanInge under emnet generelt , litteratur , reiser , livssynsmeditasjonerVev meg eit teppe, Bodil,
vev det av syner og draumar,
vev det av vind -
Slik at eg, som beduinen, kan
breida det ut når eg bed,
sveipa det um meg
når eg søv,
og kvar morgon ropa:
Bord duka er!
Vev det til
ei kappe
i kulden
til eit segl
på min båt!
- Ein dag skal eg setja meg på teppet
og sigla burt på det
til ei onnor verd.